Voksenopplæring
Nytt kurstilbod for vaksne skuleåret 2010 - 2011
Med atterhald om at det melder seg nok kvalifiserte søkjarar, vil skulen sette igang følgjande vaksenopplæringskurs:
- Tømrar
- Stillas
- Kokk
- Servitør
- Reparatør lette kjøretøy
Kursa tar til i august/september og vert avslutta med tverrfagleg eksamen for privatistar i juni 2011. Undervisninga er lagt til dagtid, ein dag i uka. Kveldskurs kan og forekomme.
Du må ha vaksenrett for å kunne delta på kursa. Du må ha fylt 25 år og ikkje ha fullført vidaregåande skule. Andre kan søkje og få plass om det er kapasitet. Kursa legg opp til at deltakarane har erfaring i faget. Undervisning og læremidlar er gratis.
Meir informasjon får ein ved å kontakte Torhild Jordal på e-post: torjor@hfk.no
Kva er vaksenopplæring?
Vaksenopplæring er eit tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne frå 25 år og oppover. Tilbodet er gratis og gjeld først og fremst for vaksne som ikkje tidlegare har fullført vidaregåande skule. Har du gjennomført vidaregåande opplæring, eller er mellom 20 – 25 år, kan du også søkje, Du kan få tilbod dersom det er ledige plassar. Med fullført vidaregåande opplæring står du sterkare på arbeidsmarknaden, og du kan også gå vidare på universitet og høgskule.
Kva er realkompetanse?
Realkompetanse er summen av alt du har lært frå skule, arbeidsliv, heim og fritid og som du ikkje kan dokumentere. Ei realkompetansevurdering vil stadfesta kva kunnskap du alt har i høve til den vidaregåande utdanninga du har tenkt deg.
Realkompetansesenteret kan gje deg rettleiing i val av utdanningsvegar. Senteret gjennom-fører ei vurdering av realkompetansen din og dokumenterer dette i eit kompetansebevis. Kompetansebeviset kan du bruke når du skal søkje ny jobb, eller det kan danne grunnlag for opplæringstilbodet du treng for å nå målet ditt.
Les meir om realkompetansevurdering og vaksenopplæring på Hordaland.no http://www.hordaland.no/default.aspx?id=3773
Krav du må fylle
-du må vere busett i Hordaland fylke
-ha fullført grunnskule eller tilsvarande
-vere 25 år eller eldre
-ikkje ha fullført vidaregåande opplæring
Ekstrakrav til minoritetsspråklege:
-du må ha gyldig opphaldsløyve
-du må ha gode norskkunnskapar
Kva har du rett til?
-opplæring som er lagt til rette for deg som vaksen
-opplæring som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse
-avkorta opplæringsløp dersom du har nok realkompetanse
Kva kostar utdanninga?
Opplæringa og læremiddel er gratis. Du kan ev søkje Statens Lånekasse om stipend eller lån til livsopphald http://www.lanekassen.no/Soknader/Stipend-og-lan/
I den anledning har Hordaland fylke etablert 9 realkompetansesentre plassert ved videregående skoler.
På Årstad videregående skole finner du et av dem.
På sentrene kan du få kartlagt og dokumentert den kompetansen du har opparbeidet deg gjennom deltaking i arbeids- og samfunnsliv på alle områder. Vi registrerer/kartlegger på alle nivå innen yrkesfaglige studieretninger. (For vurdering av fellesfag, kontakt Bergen Katedralskole).
Vurdering av kompetansen skjer fortløpende, men ventetid kan forekomme. Ta kontakt med Realkompetansesenteret på Årstad videregående skole for vurdering.
Flere opplysninger om realkompetanserettigheter vil du få ved å trykke her.
Skolen sin kontaktperson er:
Torhild Jordal
Tlf. 55 59 51 41 / 55 59 50 00 (sentr.)
E-post
Kontortid: mandag, onsdag og fredag 08.00 - 15.30.